Du er her:
  • Nyhende
  • Fotografi frå Luster Sanatorium

    Kunstlaget arrangerar utstilling med bilde ifrå Harastølen, eller Lyster Sanatorium, som staden heitte for hundre år sida. Utstillinga er komen i stand etter initiativ ifrå Erling Eide, som har bidrege med private fotografi. Me har og fått kjøpe biletfilar ifrå fylkesarkivet, og me har fått støtte frå Luster kommune og Sognefjord.net til trykkinga.
     

     

    EI KORT HISTORIE OM LYSTER SANATORIUM, HARASTØLEN
    Lyster Sanatorium på Harastølen ved Luster, eit digert mursteinsbygg som ruvar i fjellsida, vart bygd av St. Jørgen Stiftelse i Bergen. Det skulle tene som tuberkulosesjukehus for Vestlandet.
    Dei fleste pasientane kom frå Bergens-regionen, men det kom og pasientar frå resten av landet. Tørt klima, fureskog og fjelluft skulle vere ein god kur mot Tuberkulose. Sanatoriet vart bygd på ei høgd med eit klima som ein på den tida rekna som «immunsona» mot sjukdomen.
     
    Kurane på Harastølen besto mellom anna i at pasientane skulle luftast dagleg. Dei låg ute under ein svær baldakin sommar som vinter på uttrilla senger, godt innpakka i posar av reinsdyrskinn. Rundt sjukehuset var det bygt ein stor park med spaservegar der pasientar som var sterke nok til det, kunne mosjonere.
     
    Sjukehuset i tre høgder fekk 96 senger og moderne kur- og operasjonssalar. Byggeplanen i 1900 omfatta også eige vaskeri, stall, ishus og ei elektrisk driven taubane frå dampskipskaia ved fjorden og opp på «fjellhylla». Sjukehuset hadde eigen kraftstasjon som dreiv taubana. Kalkylen viste at det store sjukehusanlegget skulle koste 456.000 kroner -. Sluttsummen viste seg å bli 777.000 kroner då anlegget vart innvia den 2. november 1902.
    På opningsfesten var det helsingstelegram frå både det svensk-norske kongeparet, stortingspresident Carl Berner og skipsreiar og seinare statsminister Johan Ludwig Mowinckel.
     
    Nokre år seinare vart det og bygt overlegebustad, to familiebustader for fyrbøtar og gartnar, og «søsterbustad» for pleiarane. Harastølen fekk eige kapell med likhus. Etter ei større ombygging i 1937, vart det kino ein gong i veka, og pasientbiblioteket inneheldt på det tidspunktet 1700 bind.
     
    Harastølen ligg meir enn ein halv kilometer opp ein svingete veg frå lokalsamfunnet Luster og vart eit isolert og lukka samfunn.
     
    St. Jørgen avvikla Lyster Sanatorium midt på 50-talet. Etter det vart bygningane i mange år nytta som psykiatrisk sjukeheim av Sogn og Fjordane fylke. På 80-talet vart psykiatrien  omorganisert og flest mogeleg pasientar skulle ut av dei store institusjonane og nærast mogeleg heimstaden.  Harastølen psykiatriske sjukeheim vart bygt ned, og til slutt nedlagt.
     
    Kring 1990 fekk bygningane ein ny funksjon - no som eit av dei store asylmottaka i landet. Krigar og etniske konfliktar på Balkan sytte for rikeleg med beburarar på dei tidlegare sjukesalane på Harastølen. Men sjølv om bygdefolket gjorde mykje for å skape kontakt og leggje opp aktivitetar for flyktningane, så vart opphaldet på den einbølte og isolerte Harastølen keisamt og vanskeleg i lengda. Det vart gnissingar bebuarane imellom og småkonfliktar med lokalsamfunnet. Asylmottaket vart avvikla etter nokre år.
     
    Sidan har bygningane stått tome og unytta. Ei svær bygningsmasse som krev store summar om det skal skikkeleg haldast ved like - og forfallet synes tydeleg. I 1998 viste ein asiatisk munkeorden interesse for dei einbølte, tome bygningane på Harastølen. Dei ville gjere det om til buddhist-kloster, men planen rann ut i sanden. Entreprenør Egil O. Laastad i Bergen kjøpte i 2002 heile komplekset for å bygge fritidshusvære. Det har ikkje ført til nytting av det store sanatoriet så langt.
     
    I 2011 har bygget fått ein ny funksjon. Ungdomsgjengar dreg opp dit for å skremme seg sjølve. Dei reiser gjerne opp to gjengar samstundes. Den eine fyrst og den andre etter, der berre nokre få i kvar gjeng veit om at det finst nokon andre der. Det er den mest spanande aktiviteten som finst for ungdom i bygda.
     

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS