Du er her:
  • Nyhende
  • Agata Sulikowska, Hans Rune Fuhr, Åse Urdahl og Juan Torres

    4.4. opna utstilling med den polske biletkunstnaren Agata Sulikowska og den lokale fritidskunstnaren Hans Rune Fuhr. Opningsarrangementet vart også ei musikalsk oppleving med Åse Kristin Urdahl på piano og Juan Fran Torres på gitar.
     
    Agata Sulikowska er utdanna ved Akademi for Kunst og Design i Lodz, Polen i 2007. Ho har arbeidd i ei rekkje land over heile verda og delteke i utstillingar i Polen, Irland og Finnland.  No er ho her, innst i Sognefjorden. Maleria hennar syner menneskje og miljø frå stader over veldig store geografiske avstandar. Snart reiser ho til Nord-Norge.
    Sulikowska er først og fremst ein sterk kolorist, og står fram som ein moderne malar som brukar fleire ulike  kunsthistoriske referanserammar. Her er heimesida hennar:  http://www.artdoxa.com/agatasulikowska

    Hans Rune Fuhr er utdanna psykiatrisk sjukepleiar, og han har gitt ut ei rekke diktbøker. I ei årrekke har han og drive på med å sette saman delar av gamle gjenstandar og reidskap til skulpturelle uttrykk. Desse har fått plass i Gaupne Hotell, og dei har fått ei rolle i miljøet som spørsmålsopnarar, minnetriggarar og fantasipleiarar. I likskap med Agata brukar Hans Rune også sterke fargar i arbeida sine. Kunstlaget er særdeles glad for å kunne presentere desse to i lag.
     
       

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS