Du er her:
  • Nyhende
  • Bjarne Svanøe, oljemaleri

    Laurdag 13.8. kl. 1400 opnar ei utstilling i Gaupne Hotell med oljemaleri av biletkunstnaren Bjarne Svanøe. Det var etter vandreutstillinga “Tilknyting” hausten 2010, der Svanøe deltok med to bilete, at det vart ynskje om å sjå meir av denne kunsten. I Luster var det landskapsmaleria hans som vekte merksemd, men Svanøe malar og andre motiv, som syner at han står fram som ein samfunnsengasjert kunstnar. Det er oljemaleri som er mediet, noko han meistrar på ein sjølvstendig og framifrå måte.
    Bjarne Svanøe er utdanna frå kunstakademia i Bergen og Oslo, og han har sidan 1993 hatt ei rekke utstillingar både i Noreg og i utlandet. Arbeida hans er kjøpt inn av ei rekke offentlege institusjonar og private bedrifter.
    Kunstlaget i Luster ser det som ei ære å ha fått høve til å arrangere denne utstillinga og ynskjer velkomen til opninga, der det og vil vere mogleg å treffe kunstnaren. Bileta er for sal og utstillinga vil vere mogleg å vitje i Gaupne Hotell kvar dag frå 13.8. til 12.9. mellom kl. 1200 og 2000.
     

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS