Du er her:
  • Nyhende
  • Menneske i landskap

    Kunstlaget har gjort avtale med Luster kommune om å samarbeide om eit prosjekt som tek utgangspunkt i den rolla landskapet i Luster hadde under den nasjonalromantiske perioden.
     
    Menneske i landskap
    - rundreise i Luster med fokus på kunsthistorie
     
    Om Naturarvprosjektet
    Naturarvprosjektet ”Mellom fjell, fjord og folk” er eit tre-årig prosjekt (ferdig 2013) som skal stimulere og auke verdiskapinga knytt til verneområde og naturområde i Luster kommune. Prosjektet har ei budsjettramme på kr 7,5 millionar og ønskjer bruke nokre av desse midlane til eit delprosjekt som skal fokusere på Luster som inspirasjonskjelde for kunstnarar under nasjonsbygginga.
     
    Delprosjektet ”Menneske i landskap” – ein kort introduksjon
    Landskapet og folka i Luster vart mykje nytta som skisser for nasjonsbyggande kunst i Noreg på 1800-talet. Med Munthehuset i Kroken som utgangspunkt farta nasjonalromantiske målarar rundt i Lustrabygdene og festa det dei såg til lerretet. Lustranatur og lustrakultur kan i dag sjåast att i måleri frå kjende kunstnarar som til dømes Flintoe, Gude og J. C. Dahl. Bileta er mellom anna utstilt på Nasjonalgalleriet og på Slottet.
     
    Men Luster si rolle som kunstnarisk og nasjonsbyggjande inspirasjonskjelde er underkommunisert i kommunen. Både lokalbefolkning og tilreisande kjenner som regel ikkje til dei mange måleria som har sitt utspring frå Luster. Dette ønskjer prosjektet å gjere noko med, særleg sidan me veit at det finst personar i lokalmiljøet som sit på mykje kunnskap og kompetanse kring tematikken.
     
    Temarundreise i Luster?
    Naturarvprosjektet ønskjer å løfte kunsthistoria fram ved å lage ei temarundreise i Luster. Me ønskjer å utforme robuste, men smakfulle reproduksjonar/kopiar av eit utval måleri. Reproduksjonane/kopiane må kunne stå ute i vær og vind ettersom dei skal plasserast på staden der kunstnaren har fått sin inspirasjon til måleriet, nemleg ute i landskapet. Kva måleri eller talet på reproduksjonar som skal plasserast ut er ikkje bestemt, heller ikkje stadene dei skal stå plassert, utforminga av rammeverk etc.
     
    Målet med tiltaket er fleirdelt. I tillegg til sjølve kunstopplevinga kan måleria formidle endringar i kultur og landskap på ein unik måte. Besøkande kan samanlikne landskapet på måleriet med landskapet i verkelegheita og sjå korleis breen har trekt seg attende, korleis stølane står til nedfalls og korleis kulturlandskapet gror att. Det ligg mykje taus kunnskap i dette spelet mellom notid og fortid. Samstundes ligg det mykje historie i bileta, knytt til lokal og nasjonal kultur og tradisjon. Sidan kunstnarane nytta så store deler av kommunen som inspirasjonskjelde kan nesten heile Luster innlemmast i rundreisa. Besøkande får såleis opplevd meir av kommunen vår.
     
    Om det ligg eit potensiale her? Ja, ganske sikkert. Både skule, lokalbefolkning og tilreisande vil vere naturlege brukarar. Eit stort tal turistar besøker Luster i sommarhalvåret og mange av desse er sjølvsagt kulturinteresserte. Likevel er det natur og aktivitet som er den største salsvara i kommunen. Med denne temarundereisa får reiselivet nye område og nye målgruppe å spele på.
     
     

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS