Du er her:
  • Nyhende
  • Malegruppe

    Det er mogleg landskapet krev det , eller på ein eller annan måte er årsaka til det, men det er i alle fall slik at Luster har ei gruppe malarar som treffest to gonger i månaden for å male i lag.
    Utan at det vert sagt stort desse tre timane ....
     
    Samlingane er opne for alle som vil, og du treng ikkje vere medlem av kunstlaget for å delta. Dette er ei gruppe med nokre få som møter kvar gong, medan andre er innom av og til. Mellom 6 og 8 personar kjem jamnt, og det er gratis. Kaffi og mat tek du med sjølv. I møte med andre kjem gode idear fram. For deg som malar er dette den beste terapi, velkomen skal du vere! Her kan du få inspirasjon, idear og sosialt samver utan at du nødvendigvis treng snakke. Folk malar det dei vil, korleis dei vil og med kva reiskap dei vil. Det er ikkje alltid dei blir nøgde med det dei sjølv gjer, men ofte er det nokon i gruppa som ser noko ein ikkje har sett sjølv.
     
    Bildet: Anders Urdahl (1909 - 1991)
     

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS