Du er her:
  • Nyhende
  • Videokunst framsyning i hovudbygget på Harastølen

    Opning laurdag 9. november kl. 1800

    Framsyning kan tingast fram til
    1.juni.2014

    Tlf.: 95150120

    Kle dykkar godt!

     
    Statens Høstutstilling syner kvart år eit utval av kunstuttrykk frå alle kantar av landet i Oslo, og den representerer difor norsk biletkunst i notid. Dette er den 126. Høstutstillinga i rekka, og i år har 27 kunstlag sagt ja til tilbodet om å syne videoprogrammet frå utstillinga.
    Luster Kunstlag har også lenge hatt ein ståande invitasjon ifrå Kristian Nilssen, som er fastbuande på Harastølen, om å arrangere eit kunstprosjekt i hovudbygget der. Dette bygget har husa kommunens største arbeidsplass i nestan 100 år, og dei fleste som kjem dit no, kjem for å oppleve.
    Det var etter gjennomsyn av dei kortfilmane som kom i posten frå Høstutstillingen no i haust at kunstlaget såg Harastølen som ein særskilt egna stad for framsyning av desse kunstuttrykka. Me lovar ei utfordrande oppleving.
     
     

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS