Du er her:
  • Nyhende
  • Landskap i Luster - ei kunstreise

    Dette er ein del av Naturarvprosjektet i Luster. Kunstreisa er resultatet av eit samarbeid mellom Luster kommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Fortidsminneforeningen, Luster Kunstlag og lokale historikarar.
     
    Munthehuset i Kroken var på 1800 talet utgangspunkt for ei omfattande kunstverksemd i Luster. Gerhard Munthe (1795-1876) var offiser, historikar, kartograf og teiknelærar ved Christiania Tegneskole. Det var her han traff kunstmålarane som fekk bu hjå foreldra hans i Kroken mens dei var i området for å måle. Mellom anna budde Johannes Flintoe, J.C. Dahl og Hans Gude der.
    Prosjektgruppa har teke utgangspunkt i 12 maleri som dannar ei kunstreise ut ifrå dei stadene me finn som motiv i bileta. Maleria formidlar tydelege endringar i natur, kultur og samfunn: Breane går attende, gardsbruk vert nedlagde, vegetasjonen veks og bygder veks. Kunnskapen vert formidla via eit reisehefte og ein mobilapplikasjon der deltakarane vert utfordra gjennom eit quiz- spel.

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS