Du er her:
  • Nyhende
  • KUNSTUTSTILLING, Pyramiden, Gaupne 8. - 13. juni 2015 (Lustramarknaden)

    Opningstider: måndag - fredag kl 14 - 17
    laurdag kl 12 - 16
    Merete Rein, glaskunst
    Yngve Reidar Vold, grafikk
    Måleri og grafikk frå Sogndal kunstlag si samling
     
    Merete Rein er fødd i Trondheim, busett i Aurland. Der etablerte ho seg med glasblåsarverkstad på Vangen hausten 2012. Ho har m.a. utdanning frå Nordiska Linjen, Riksglasskolan, Orrefors 2006 - 2008. Ho fekk etablerarstipend frå Innovasjon Noreg i 2012.
    Merete stiller m.a. ut vakre fargerike glas, små vaser, boller, glaskuler.
     
    Sogndal kunstlag var eit aktivt kunstlag i Sogndal i mange år, men då Galleri Rones vart barnehage, mista dei eit flott kunstgalleri og dermed opphøyrde også kunstlaget si verksemd. Men dei har ei stor kunstsamling, m.a. kunstverk av dei aller mest kjende kunstnarane frå Sogn og Fjordane. Nokre av desse kunstverka er no stilte ut på Pyramiden og er tilsals,  t.d. grafikk av Oddvar Torsheim, Finn Egil Eide, Arild Bergstrøm. Jørgen Holen no busett utanfor fylket, men kjem opprinneleg frå Sogn, har også bilde på utstillinga.

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS