Du er her:
  • Nyhende
  • JOZEF SZCZYPKA

    Jozef Szczypka stiller ut blyantteikningar på Pyramiden, Gaupne i tida
    26.11. - 5.12.2015
    Opningstider: torsdag 26.11. kl 18 - 20.30
    laurdag 28.11. og 5.12. kl 12 - 15
    tysdag 1.12. og torsdag 3.12. kl 15 - 17

     
    Jozef Szczypka er fødd i  1979 i Cieszyn,Polen.
     
    Studier:
    Frå 1994:     studier ved the National School of Fine Arts in Bielsko-Biala.
    1999-2004:  Institute of Art at the University of Silesia in Katowice.
     
    Bakgrunn:
    Som så mange andre som kjem til  Noreg frå Polen, kom han
    hit i 2008 for å betre sitt eige og familien sitt liv.
    Trass i talentet og  utdanninga si  begynte han å jobbe
    som handverkar. Etter eit halvt år åleine i eit nytt land kom
    familien. Han og kona begynte etter kvart å jobbe på eit lokalt
    trykkeri, og dei to barna byrja på den lokale skulen. Etter nokre
    år endte han jobben på trykkeriet og fann igjen tid til å produsere
    bilde og begynte på ein serie blyantteikningar i storformat.
    Resultatet er fleire naturalistiske teikningar utført med finesse og
    stor detaljrikdom. Han ser på illustrasjon som noko alle har
    kjennskap til – den første reiskapen ein bruker for å skildre
    verda rundt oss. Ved å fylle råma med kaotiske naturutsnitt
    ber han oss om å sjå  detaljane i vidunderet rundt oss, og han
    ønskjer å vekke noko i oss som vi på mange måtar har fjerna
    oss frå - naturen.
     
    Jozef ønskjer å satse på kunsten og dele visjonen sin i ein
    kunstmarknad der godt handverk og eit uttrykk for det reine og
    ekte atter byrjar å bli meir sentralt.
     
     

    Tilbake

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS