Du er her:
  • Om oss
  •  

    Luster Kunstlag



    Luster Kunstlag vart skipa i 1985. Målet var å prøve få til eit lag som skulle drive med kunstformidling i 4-5 års tid. Trua på at dette var noko som var liv laga her i kommunen var som me forstår ikkje særleg stor. I 2010 feira me 25 års jubileum.
    Me har ikkje noko fast galleri men har ofte lånt eit møterom på eit kjøpesenter. Arealet er på om lag 35 m2. Me må skrive oss opp på ei liste utafor døra når me ynskjer å ha utstillingar, for det er mange andre som også vil bruke rommet. Ikkje noko luksusliv her, men det er utruleg kor mange flotte utstillingar som har vorte haldne i dette lokalet!

    Hittil har me halde 110 utstillingar, dei fleste har vore i dette vesle rommet. Nokre få var andre stader i kommunen.
    Hausten 2010 fekk vi låna Gaupne Hotell til vandreutstillinga “Tilknyting” som kom ifrå Sogn og Fjordane Fylkeskunstlag. Tanken var at bileta skulle henge der folk ferdast. Dette fekk me svært gode tilbakemeldingar på, og opplevde god respons også frå mange som ikkje i utgangspunktet hadde tenkt å vitje utstillinga.
    Om lag 14 000 personar har besøkt kunstlagets utstillingar i løpet av desse 25 åra og me har i gjennomsnitt om lag 38 betalande medlemmar.

    Utanom å halde utstillingar har eit av dei viktigaste tiltaka for kunstlaget vore å få restaurert Munthehuset. Å stå i fronten for å ta vare på dette første kunstnarsenteret i landet var ei utfordring. Men no står det der fullt brukbart, til ulike føremål.

    Andre ting som har vore viktig er kurs for barn og vaksne. Kvart år har det vore halde måle- eller teiknekurs. Som oftast helgekurs, men det har og vore kurs som har gått over fleire veker. Desse kursa er svært populære, både fagleg og sosialt.

    Ofte på opningar har me hatt eit kulturinnslag, som kan vere musikkinnslag av elevar frå Musikkskulen, diktlesing, korsang, solosang og anna. Og då er det servering av Mozell, gløgg eller liknande, alt etter kva tid på året utstillinga er.

    Medlemmar får 10 % avslag på kunstkjøp.
    Alle medlemmane får invitasjon til utstillingane. Skular, barnehagar, avisa, kommunen og banken får også invitasjon.

    Kunstlaget får gåvemidlar frå banken og prosjektmidlar frå kommunen. Utan desse midlane ville det vere vanskeleg å halde laget i økonomisk drift.

    Utan alle dei frivillige ville det heller ikkje vere mogleg å drive eit kunstlag over så lang tid.

    Mai 2011

    Målfrid Kjørlaug og Marit Norheim
     

    Aktiviteter

    Nytt fra Luster Kunstlag

    Levert av WebSite AS